- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
215

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mannen med Sekken. 215

kalde ut liksom Lufti. Men dei fleste hadde
seg etterkvart inn paa Ventesalen og drakk Øl
og aat. Eg var korkje svolten elder tyrst, men
tenkte paa, at Notti var lang, og at det væl
var best aa gjera som dei andre. So gjekk eg
inn og fekk meg eit Par Stykkje Mat, og
dei slog eg ned med eit Glas Mjølk; men Mjølki
var kald, og Maten smakad som Mold, og so
vart eg endaa tyngre og endaa meir ulagleg.
Trøysta meg med Øl kunde eg ikkje den Kveld-
en; det bar imot, berre eg tenkte paa ØL
Dei andre derimot drakk Øl so det sokk i dei,
og naar dei hadde drukket so mykje dei vilde,
so kjøpte dei Øl til aa ha med seg.

So galdt det aa finna seg eit Rom paa
Trænet. Ikkje for alt I Verdi vilde ’ep hava
Reisefylgje; aaleine maatte eg faa vera, so sant
eg skulde halda Turen ut, tenkte eg. Dreiv
so frametter Vognradi og saag etter, um der
ikkje skulde vera ein tom Baas nokonstad; men
nei, der sat Folk og glodde i alle Dører, og
alle saag dei so regnkalde elder ølsure ut, at
eg totteeg helder vilde hava Lag med Graabein-
ar enn med dei. Jau endeleg, heilt framme
ved Konduktørvogni, fann eg ein »Baasc, som
eg kunde bruka. I den Vogni var tri Baasar,
og i dei tvo sat der Folk; men den tridje var
tom, og mnaar ein ikkje kunde faa det beste

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0227.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free