- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
230

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

230 Ungdom.

under Hender og stellt alt tilrettes slik som det
skal vera, naar ein Unge skal ha Stryk, vart
Anne Malene rædd og bad for seg. »Kjære
deg, Mor Astrid, slaa ikkje for hardt,< sutrad
ho. Mor Astrid maatte til aa læ, og dermed
slapp Ungen. Sidan vart det aldri sagt nokot,
um Anne Malene stal Sukker.

Vesle Per, Son hans Tjerand Nedi-Garden,
hadde si store Møda med Anne Malene, for ho
vilde altid. vera Kona hans. Dersom ho ikkje
fekk Lov til det, so fekk han Juling. Men fekk
ho Lov, so dreiv ho og kommanderad og ma-
sad med han so lengje, til dess han vart leid og
sagde stopp, og daa fekk han og Juling. Men
dersom han greet, vart Anne Malene so blid
og snild og fann paa so mykje løglegt, at Per
maatte læ, og so lo dei ikapp, og vesle Per
gløymde baade Sorg og Sinne, og gav etter og
var Mann med stort Taalmod, og trælad for
Huset, so han burde havt Betaling.

Paa Skulen slapp Anne Malene lett liksom
fyrr; det var ingen, som kunde vera vond
«paa henne lengje. Ho var helst saman med
Gutarne, og det fekk ho Lov til, for det fylgde
altid Moro med henne. Snart styrde ho heile
Flokken, og dei glade Smaastertarne vart til-
slutt reint melankolske etter henne. Det var
ikkje Ende paa alle dei galne Ting dei gjorde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0242.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free