- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
246

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

246 Ungdom.

kva ho gjorde. Ho maatte læra aa vera mo-
ralsk. Han vart aalvorleg og myrk og sagde
henne fleire sanne Ting, og so kom Anne Ma-
lene i Ulag. »Tek no du og til aa bryggja
Eddik,« sagde ho. »Skal eg ikkje faa Fred hjaa
deg helder? Eg trudde ikkje 4 hadde Hug til
aa gaa og syta og vera heilag og syrgjeleg som
ei Kyrkjebok! Du var hyggjeleg fyrr, og eg
likad deg so godt; du brydde deg ikkje; du var
likeglad og fornøgd og ein Pratmakar, hyggje-
leg og kjapp paa Munnen som ei Kaffikvern;
men no sit du dersom eit Litani, og sukkar og
set Augo som du var botferdig, og er so sur
og syrgjeleg som det var han Per, og tagall
og tankefull som ein Vegstolpe. Hev eg gjort
deg noko? hev eg kje voret snild mot deg, og
gjort alt det du vilde?*« Jau, Jens kunde ikkje
negta det. Men ho maatte daa forstaa, at det
dei her gjorde var lettsindigt og tankelaust, og
mot all Folkeskik, og at det einaste, dei- kunde
forsvara seg med, det var, at dei var galne? —

So vart der Uvenner. Dei kjeklad med
kvarandre eit Bil, til dess Anne Malene gav
sin gode Ven ein under Øyrat; »sjaa der!-
sagde ho, raud av Sinne. Var han. ei Bønebok
og ein Surtapp og ein Eltepose og ein Tver-
drivar, full av Bibelspraak og vrange Talemaatar,
so var han’ ikkje den ho hadde tenkt. Skulde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0258.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free