- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
249

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ungdom. 240

I dei Dagar fekk Jens Carlstad eit Brev
fraa Frøken Jenny, og ei Bok. Den Boki skulde
han lesa, stod der i Brevet, og so skulde han
prøva seg aalvorlegt sjølv; deretter skulde han
skriva til Frøken Jenny og fortelja henne alt —
alt! — som han daa maatte hava paa Hjarta.

Boki viste seg aa vera »En Hanskec av
Bjørnstjerne Bjørnson. Jens Carlstad las Boki,
og daa han det hadde gjort, gav han seg til
: aa filosofera.

Skulde Kvinfolki og taka til aa moralisera
go. Hm; nei daa heldt han paa Anne Malene.
Ho hadde berre ein Moral ho: at ho vilde gjera
som ho vilde, og det var... Gudbevars! det
tok seg ikkje ut i Bøker; og det gjekk ikkje
an, at Folk var so frie helder: men, ven!

Anne Malene gjorde mykje, som var galet.
Ho gjorde alt, som var galet. Og likevæl vilde
Carlstad taka Gift paa, at ho var meir uskyldig
enn tusund og tusund av dei, som gjekk og
var moralske og snakkad Skandale og vart
raude, berre ein nemnde so ærlégt og nyttigt
eit Plagg som ei Brok. Kanskje Syndi ikkje
beit paa Anne Malene, fordi ho var so fri for
Samvit? Sagde ikkje Paulus, at det var Loven,
som gjorde Folk syndige? Og stod det ikkje
skrivet, at »Kjærlighed skjuler Syndernes Mang-
foldigshed«? Og Salomon sagde, og Goethe

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0261.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free