- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
28

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Færøybunaden

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

lange „empirestakken" (fraa „keisardøme" eller
Napoleonstidi) kom, vart den lange trøya
uhøveleg. No er ho som ei stutt spansk „bolero".

*     *
*



Der er elles mangt aa velja i. Det
gjeld aa tenkje etter kva som høver seg og ser
godt ut, etter vokster og lag og lit, og alder. Og
so etter det bunaden skal vera til; ein
høgtids-bunad høver ikkje til arbeidsbunad o. s. fr. Hugse
maa ein og, at stilløyse, blanding av formir eller
fargarsom ikkje høver ihop, er meir enn ille, naar
«in hev med noko so sermerkt aa gjera som norsk
klædebunad. Ein annan ting er det, at me kann
lempe paa sumt smaatt som feil oss ulaglegt, naar
berre ikkje samanhengen, „stilen" vert brotin. Dette
er noko som maa til, um daa ikkje mange av
vaare finaste og mest sermerkte bunadar skal døy
reint fraa oss. Men det vilde vera ille. Reint
ein tung saknad vart det for alle som likar det
friske og fine og sermerkte og er trøytte av all
den graae kvardagen, som i desse tidir ligg som
ei skodde yvi live.

Mange ei rædde at det skal verte so dyrt aa
laga seg ein norsk bunad.

Men me kvende kann sleppe tölleg lett ifraa det,
naar me saumar ’n sjølv. Og det kann ein um ein so
aldri hev lært, berre ein fær mynster til liv, trøye
og krotsaum teikna i „Norsk husflidsforening", eller
um ein kann teikne sjølv etter fyriteikningar, som
ein der kann faa leige. Eg hev sauma min
hallingbunad sjølv, og eg skal her greide ut kva han
vart kostande.

6 meter svart, ein-breidt verken til 2 kr.
meteren. 4 høgdir i stakken, som eg sneidde
litegrand i sidune. Livstykke, huve, og bord ned-um,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free