- Project Runeberg -  Norge i Amerika : livsbilleder fra nordmændenes liv og historie i De forenede stater /
354

(1915) [MARC] Author: Nordahl Rolfsen
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Længsel - Gravøl. Av Sven Moren

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

354
endaa for presten same aaret, han Jon og eg. Daa
var’n GamleJon umlag 80 aar. Og no var det 15 aar
sidan ....
— Sjuk? Han GamleJon? Nei. Han hadde aldri
vore noko sjuk aa kalla for. Dei var sjeldan sjuke, dei
som budde her uppi, endaa dei sleit no mykje vondt.
.. . . Nei sjuk hadde han ikkje vore. Men det var fulla
so ein laut døy lei, naar tidi kom ....
Snart naadde me upp for bakkane. Hesten skaut
hovudet i veret og sette paa sprang. Ein liten gard laag
fram*fyre oss i sud=hellingi. Men der var tomt og stilt.
Kvite lereftsdukar var hengde for glasi, og døri var stengd.
— Gravøl her?
— Nei, ikkje her. Det var’n Hans som budde her,
han som skulde reisa i dag ....
- Reisa?
Ja. Aat Amerika. Han og kjeringi og alle 5 borni
Dei skulde visst bli i fylgje med likferdi ned til bygdi
— «Dei har fulla alt gjort seg ferdige og gaatt burti
gravøls=garden, dei au, er det likt til.»
Snart saag me gravøls=garden. Han laag eit stykke
lenger nord. Det rauk av ei skeiv murpipe yver eit
torvtak. Karar og kvende stod og studde seg upp til
veggen. Skogfolk — sterke, solbrende, ljose av håar og
hamlit. Daa me køyrde inn paa tunet — med 4umbjøl=
lor og glitrande nytt selety — tukka dei seg tettare saman
og stirde framandt paa oss.
«Det er uvant aa sjaa slik storkar*skyss her, ser’u,»
sa han som stod paa meiane.
Daa dei saag det var bygdefolk, kom dei likevel
sigande fram ein etter ein, handhelsa og takka for sist
— kjende og ukjende. Og «Olav sjølv» kom ut, berr*
hovda og varm etter strævet, og bad oss inn. Dei hadde
’kje noko aa beda oss inn paa, men um me vilde gjera
so vel, so . . . Det var so audt aa sjaa kjent folk fara forbi.
Midt paa golvet i den litle stova stod langbordet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:30:34 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norgamer/0372.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free