- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
25

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og slikt kunde vi vel kanskje faa det ög, naar vi tok det
med meir mot og mindre otte.

Men so klemde Bruun til og fortalde um Job og
jødefolket. Daa rauk det i fillor dette grækarlivet. Daa
stod vi uppe paa Galdhøitinden med ein gong, og saag
utover tindar og toppar; og der djupt nede laag
heidninge-heimane i maaneljos; berre i maaneljos og draum. I
høge himmelen blenkte sola fraa storkongen, fraajehova,
og skar seg ned og lyste upp — og vi saag
morgon-stjernor, som gjekk gjenom romet og song lovsongar til
hans ære; dei var paa hans vegar alle saman; berre
menneskja, hans høgste skapning, hadde mist vegen. Ho
bad aat gudar av guil og sylv og Stein og tre, og gjorde
seg sin eigen himmel der langt nede, og takte han med
taakedraumar, so Jehovas sol fekk ikkje skine ned. Dette
saag jødefolket. Men kven kunde kløyve skodda og gjera
frelse, um ikkje han sjølv gjorde det — hans eigen
Messias.

Nei det stod ikkje so gromt til med oss som eg
hadde trutt; og minst av alle med meg stakkaren. Gud var
nok ikkje ein slik snild gamal bestefar som vi kunde tukle
og stelle med som vi sjølv vilde. Vi skulde tene honom,
med all vaar hug, med heile vaart liv, gaa paa hans veg,
etter hans vilje, anten det smakte oss søtt eller ille. Vi
skulde tena honom, ikkje han oss. Plent so god som
han var, so streng var han og. — Homér hadde berre
dikta, han. Sanninga var, at vi hadde drukke gift, so vi
var sjuke til dauden, og satan stod ferdig og vilde narra
oss til aa drikke meir. Det kom vel med at Messias var
komen. Vilde eg berge livet mitt no, so fekk eg nok
stelle meg paa Guds side og ta upp striden. Eg hadde
gruva for dette stridslivet før — leggje band paa seg sjølv,
vera snild naar ein var huga til aa vera sint — men no
saag eg at det maatte til, skulde eg faa berge dette
stakkars vesle grynet som Gud aatte i meg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free