- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
38

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og varmt — gav oss so god tid til aa tala ut og klaga
oss — og so snudde det seg naar vi hadde sete der ei
stund; sola kom att, eg skyna ikkje kvar ho kom ifraa;
men tungsinnet var burte. Det var som eit reinskings
laug aa faa tala med Bruun i slike stunder. Ja, eig ikkje
han Guds gode aand, so er det ingen. For aands krefter
fekk vi som høyrde han og var saman med han, det
kjende vi tydeleg, helst i slike tunge stunder. Gud signe han
og løne han no i hans alderdom! for all den hjelp han
gav meg og mange andre, daa det kneip og vi stod og
bikka, og kunde vorte alt anna enn gagns menneskje.
Kor lenge skal vi venta paa ein slik saamann til?“

Bruun hadde makelaus evne til aa vekkje kreftene,
til aa setja liv og kveik i det som budde der inne — og
sidan la det faa utvikle seg fritt. Han var ein fin,
for-næm aand, han for ikkje klussa med oss eller braut seg
innpaa oss med seg sjølv. Han skyna oss so godt, han
gav oss berre det vi kunde bruke og melte. Sjølve
fekk vi ta andsvaret. Minst av alt vilde han gjera oss
til apekattar eller „forme* oss, korkje etter seg eller
nokon annan. Eg veit ingen som har havt slik vyrdnad
for menneskja i andre, og so lite har vilja klistre sitt inn
paa andre. Aa — vi kjende og søkte andsvaret! Difor
fekk han ög den makt over oss som han hadde, og som
er like frisk idag som daa, trass i skilnaden i meiningar.
Og difor kunde han hjelpe so mange slags folk. Det er
visst sjeldan, trur eg, at so sterke aander har havt so
faa etterhermarar.

Han hadde ein liten ser-skule andre vinteren i
Gaus-dal — han vilde lære oss aa lese Bibelen, sa han. Der
gjekk slike som Karl Seip, no kyrkjestatsraad — Wollert
Konow, no stor politikar — Matias Skard, skuledirektør
— Nils Jørstad, prest — osb. — sterkt ulike alle saman.
Og flokken er spreidd til alle leider — i hårdt arbeid,
kvar i sitt yrke, kvar med sine hugmaal og meiningar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free