- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
44

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gamle Halvor Øfigsbø, og ein heil flokk
folkehøgskule-elevar, som hadde vorte veldigt uppglødde for den nye
maaten aa lære born og ungdom paa, utan pugg og tvang
og leksor. Og den folkelege og folkekjære presten H.
Halling hjelpte til. Eit ungdomslag dei fekk i gang hjelpte
au storleg paa, te aa haide oss ihop, og te aa kveikje liv
og setja grobotn baade i meg og skulen.

Oldnorsk hadde eg lært av Stefan Frich, eg kunde
lesa Snorre i grunnsproket. I eit stort boklotteri som
Per Bø hadde sett i gang te innkome for maalsaka, vann
eg ein heil haug bøker, millom deim den islandske
bibelen, eg lærde meg fort aa lesa den. Dette vart te stor
hjelp. Heltekongen David, Gideon, Jefta, Samson, og
mest av alle Jesus Kristus, vart reint som nye paa dette
sterke sagasproket — dei steig fram te levande
menne-skje i kjøt og blod, soleis som Bruun hadde synt døm
fram aat meg paa skulen sin. Og like eins gjekk det
med dei karom som Snorre fortel um.

Ja Bibelen og Snorre var bøkene eg fortalde etter
dette fyrste aaret. Og eg fyllte borna mine med
helte-sogor te det lyste fraa andletom deira, og knapt dei visste
kaar dei sat — ja sume drøymde um det um natta! Og
ikkje berre borna; men mange vaksne au kom og lydde
paa — det var nytt for døm au, dette. Eg hugsar for
ei høgtid det var naar eg stod ved bordsenden um
morgonen og vi song „I østen stiger solen op, den spreder
guld paa sky“, og eg saag ut over kyrkje og Skjimvatnet
og Lidafjellet, og sola kom fossande ned over alt saman
— det var eit syn som lyfte meg mot himmelen og
gjorde meg takksam og sterk. Kor mykje eg vann aa
takke Gud høgt, med ord, hugsar eg ikkje, eg var bljug
den gongen. Men det veit eg no, at dette er den
lykke-legaste tida eg har havt; sidan eg var barn i alle fail.

Ja, eg trudde eg aatte alt dette herlege eg saag i
fantasiene, fordi eg glødde for det og greidde aa tala um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free