- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
59

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det var ein tufskrok som hadde gjort noko so stygt,
kan-skje te aa skræme meg; og i vissa var Gudfader mykje
mykje vakrare, det visste daa alle. Men daa eg hadde
lese ut boka, og hanen som stod paa siste blad, endaa
ikkje vilde gala, vart eg reint styrlaus, la ho paa stabben,
sette øksa gjenom ho og slengde ho paa varmen. Daa
fekk eg ris.

No kom det ein liten blaaøygd gut med ei slik
abc-bok paa skulen min, Nei, den boka kjende eg alt for
vel, eg var ikkje i stand te aa la han stave i ho. So gav
eg han Ein sogebundel i farten, og las høgt Bukken og
bekren som bygde hus. Og der lærde han aa lesa, baade
fort og godt.

Er det ikkje verre, tenkte eg.

Daa lovde eg meg sjølv at ei raad skulde det bli, so
borna slapp pinast lenger med slike vitlause abcbøker.
Og no tok eg te aa skrive upp — barneprat utor
munnen paa bornom og det eg sjølv kom paa, fraa den tid
eg var liten — gaator, reglor, hermestev, baansullar. Og
eg lærde deim aa skrive og lesa det.

So ein vinter lyste Vestmannalaget i Bjørgvin ut ein
premi for den beste abcbok paa norskt maal.

Jau, her vilde eg vera med. Og no fekk eg ei „heit
heto“. Men boka ho vart ferdig, kom til tidar — og
fekk premien. Det siste var eit under, tykte eg. Ho
vart prenta hjaa Eide i Bjørgvin sumaren 1880.

Det hadde korne inn 5 bøker vart det sagt. Gamle
Ivar Aasen ög var med.

Mange log aat dette baansnakket og kjøkenpratet,
som dei kalla det. Tullboka vart ho heitande, og dei
gjorde nar taa meg med. Men sume kytte og sa det var
den beste abea som bondeborn til denne tid hadde havt.

So eg var ikkje motlaus, skal tru. Og reint ogopaa
vart eg, daa eg fekk eit varmt brev fraa Jakob Sverdrup,
som sa boka kom over han som ei openberring fraa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free