- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
63

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

spurde berre med eigne ord, aldri etter bok, ikkje
ein-gong aat lesarbornom sine. „Den avskyelige pugg —“
ropte han eingong, daa ei slik „flink" gjente ingen ting
visste anna enn ho plapra etter Pontoppidan. Ja han
fortalde og fekk borna mine te aa fortelja — so det var
rein fest naar han kom. Han var med oss og leika i

ringen kring joletreet––-. Eg kunde fara som eg vilde

for alle umkring meg — so nær som for den store
hopen — men dette andsvaret gjorde meg so sterk at eg
arbeidde for tvo naar det kneip.

Vi kan vita at ein slik skule kunde ikkje faa fred i
70 aarom — endaa um ein heil flokk ungdom og born
var glade i han. Nei, biletet vart nok ikkje sant um eg
tagde burt skuggane — lygnene og alt folkesnakket —
som smaug umkring, og av og te kom veltande og vilde
tyne oss. Dei var like inne te bispen og kyrkjestyret.
Eingong med spurnad um det var „lovlegt" aa fara aat
so aagaalaust som eg gjorde. Men bispen og kyrkjestyret
fann inga „lov" som kunde setja meg fast eller stanse
skulen.

Eg leid meir enn eg vilde vera ved taa alt dette,
endaa eg var baade ung og mota, og svært uvyrden um
æra mi, aa sjaa te.

Eg vart heitande ein „ungdommens forfører" alle dei
aara eg heldt friskule for born.

Og alt dette staaket kom taa di eg stod fast paa at
„Pontoppidans Forklaring" ikkje var nokor barnebok —
kor klok ho elles kunde vera i seg sjølv — og at eg
hadde anna aa gjera paa skulen min enn aa plaage borna
med ei slik tung bok, — eg hadde ikkje noko gagn havt
taa henne daa eg var liten; og no brukte eg Bibelen og
let den boka vera for det ho var — kanskje god tysk
teologi — Guds ord var ho daa ikkje!

Mest alle lærarar og prestar er samde um dette no,
dei synest det er som fot i hoso. Men den gongen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free