- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
74

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

saag korkje til høgre eller vinstre — levde berre for
dette eine.

Eg gløymer aldri ein gong han tala um
menneskje-livet aat oss. Han bar det fram so klaart, so klaart, og
la det so tett inn aat oss, at vi kunde reint ta paa det.
Han kom med bilete paa bilete og døme etter døme,
som lyste upp med solskin i den verda han førde oss
umkring i. So eit harmfyllt piskeslag aat kjøtet og all
rotenskapen — og du kan tru det sveid! So eit kvekt
kvast skjemtord aat narreskapen og papegøyestellet vi
gjekk og tulla i! Det var so hjarta mitt hoppa inni meg.
So stansa han og tok seg ei klype snus; det gjorde han
naar han hadde sagt noko som det gneista av — det
skulde faa tid til aa søkkje ned. Daa sat vi og stirde
inn i dette andletet: ikkje ei mine, ikkje ei rukke brigda
seg, det var som marmor. Men augo du, desse blaae klaare
augo, dei bokstaveleg skaut straalar ut. Det laag ei
for-fælande makt, ja beint ut ein overmenneskjeleg styrke i
desse augneblinkane hans. Dette var livskraft, til gagn
aat folket, av rette slaget! Eg har aldri høyrt eller set
maken til menneskje.

Ved kista hans sa eg: Aldri møtte eg ein mann

som hadde ei tryggare tru paa sitt kall, eit fastare grep
paa sitt arbeid, og ei sterkare vissa um siger. Det ordet
skal staa fast." — Dette var presten Appel.

Kristofer Bruun var hjaa Kold midt i 1860-aarom.
Han sa:

„I sin fremtræden var Kold en ren bonde. Men
den jævne tale, der holdt sig ved jorden mer end nogen
andens jeg har hørt, var ikke bare like saa fængslende
for den høiest dannede som den var forstaaelig for
husmandsgutten. Det var som han, mens han talte, holdt
den lyttende forsamling i sin haand, og førte den gjennem
rungende latter og smeltende graat, uten evne til motstånd,
hvorhen han selv lystede."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free