- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
84

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seint og tidleg — eller um eg ikkje heller „bygde meg
utor baade hus og tru“ — som sume taa grannane vaare
tok te sa. Ja — Johannes Helleland styrde
folkehøgskulen i Ullensvang, veit du; han kom att fraa amtstinget ein
vaar med den jobsposten at no hadde eit høgrefleirtal teke
burt mest all den pengehjelp skulen hadde — „og no kan
ikkje eg løne deg med eit øre lenger kor gjerne eg vilde,"
sa han. „Det biir vel te det eg lyt slutte heile skulen,"
sa han, og saag paa meg med slik sorg i augom at eg
kjende taarun mine losna. Daa får det i meg — eg knytte
nevane og sa: „Slutte skulen, det har du ikkje lov te!

Eg skal vera her dette aaret utan løn, ikkje eit raudt øre
krev eg. No gjeld det — klem berre i veg! Ikkje skal
vi unne vaare fiender den gieda lel, at dei fær oss paa
kne for gullkalven sin. Heller daud enn raadlaus!" —
Daa log han som eit godt barn og sa: „Ja — ja, kanskje
du har rett. Vil du, so vil eg.“ Dermed handtokst vi.
Og heldt fram.

Eg fekk like vel 275 kroner i løn, som eg skulde
og maatte ta imot. Det var visst venene vaare som hadde
samla det ihop. Men aldri sidan har eg tala so godt aat
ungdomen som det aaret eg fekk 275 kroner i løn.

Aaret etter kom venstre i fleirtal att; og dei la paa
att det gamle og meir til.

Men no skal du høyre korleis denne jobsposten vart
te rein vinning for meg og mor di, i pengevegen og.

Vi var ille ute den kvelden. Vera eit aar utan
skule-løn, det var ikkje greitt. Men vi fann trøysta i
Fadervaa-ret vaart, den gongen og.

Um morgonen vakna eg so glad. Eg saag som i eit
syn: at no skulde eg leggje i veg med planteskule for
frukttre og med grise-al — slaa mynta paa garden!

Og same dagen rodde eg inn fjorden te Børve —
og seinare tvert over paa hi sida — og fekk griser taa
yorkschir-slaget te avlsdyr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free