- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
86

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

aat utbygdom, ja radt aat Lyster i Sogn. Og desse
plante-skulane vaare var mesta fristundsarbeid — um kvelden
og tidleg um morgon — so gårdsbruket leid ikkje nokon
stor skade. Eg brukte heile dagar berre ei viku fyrst i
slaatten naar eg skulde okulere. Og mor di ho batt paa.
Vi vart so drivne i dette arbeidet, at eg vil nok sjaa den
som skulde kappast med oss.

So veit du vi saadde kaalrot, baade eitt maal og tvo;
og seide det meste. Og vi avla hugukaal, sume vog upp
te 8 kilo. Paa det store Bergens-sjaaet fekk eg fire
premiar: for hugukaal, hugukaal-frø, kissebær, og
graastein-eple, — eller „gravensteinar" som narbukkane her uppe
kallar deim, paa tysk veit du. Og ikkje radt lite med
eple seide vi, taa dei gamle treom som fylgde daa eg
kjøpte garden. Men hugsar du plomone vaare — dei
klaare søte Reineklaude, som voks nedum bygningen?
Dei bar ikkje straks. Men so kosta eg paa deim tvo-tri
tunnor med kalk. Og daa kan du tru eg fekk plomor! Eg
seide for mykje taa dei treom. — Aa, det var som han
sa Valen Jaastad, agronomen vaar: „Her veks alt i
Ullens-vang, naar vi berre hugsar paa aa setja rota ned og ikkje
upp.“ Der laag denna vakre smale bygda med høge fjell
paa baae sidor og fjorden som ein lang tarm i midten —
der laag ho og skjein under himmelen som eit drivhus.
I august og september var det so kove og heitt dernede,
so eg maatte til fjells att gong paa gong og ånde —
retteleg faa dra ut pusten!

Ja, so fekk vi plante ut garden vaar daa — med
eple, pære, plome, kissebær, morel — so eg skal segja
det vart fruktgard. Daa Wexelsen og Seip hadde faatt meg
te gaa i gang med Møre folkehøgskule, so vi laut selja
og flytja — veit du vi fekk 20,000 kroner for
„dokke-stellet vaart“ i Hardanger. Folk sa det var vettlaus
gard-pris; men det var ikkje det grand for mykje. Eg sa aat
honom som kjøpte: „Um 10 aar rentar du kjøpesumen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free