- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
101

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

djevel med „nei“ mot „ja“. Paradiset med livs- og
kunn-skapstre er fagre myter; Abraham, Isak og Jakob er berre
straalande segner. Maria er mor aat Jesus, Josef den
verkelege far hans. Hans undergjerningar? hans
upp-stode? seinare segner alt ihop.

Dette biir ikkje sagt, i vissa aldri so krast; men slike
er bøkene. Ingen forlik millom desse tvo livssyn; dei
gaar kvar sine vegar, og slit borna i tvo. Og læraren
er leigd av stat og herad te aa fylgje dei godkjende
bøkene, vera med i dansen. — Kan han segja nei her?
Ja — dersom han vil.

Aa, la oss reise oss og slaa eit slag for det bibelske
livssynet, millom bornom vaare! Her gaar vegen te
vokster for vaart folk. I Bibelen finn vi att „barnet i
vaar sjæl" og all den poesi som reformasjonen med si
„reine lære" har plyndra oss for.

Og bruk Seippels bibelumsetjing — dette vedunder
av bibelumsetjing. Og de skal sjaa kor straalande nye
desse gamle forteljingane biir, baade for dykk og for
bornom. Og fortel, fortel — set aldri leksor her. Ha
heller ikkje borna te aa „gulpe det uppatt" — daa berre
sulkar de det til. Slike forteljingar skal ikkje „hugsast",
nei, dei skal levast, i fantasi, i hjarta!

— Kvar finn vi slike forteljingar — andre stader?
Maken te galleri taa rikt menneskjeliv! Som opnar
dører og syner fram sine beste menner og kvinnor like til
innerste hjartetaag — syner oss deim som dei er, utan
puss og pynt! Slike som vi kanskje sjølve au er — te
lærdom og gagn for oss! Ein Jakob, ein Juda, ein
Moses, ein Gideon, ein Saul, ein David — ein Peter, ein
Paulus, ein Judas Iskariot! Her dølst det ikkje for synd
og skam nei, — slikt som grækarane og andre folk gjorde
naar dei synte fram sine beste menn.

Her har vi soga um menneskje-hjarta, som det sant
og cerlegt er. Til hjelp for oss, til ære for Gud.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free