- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
105

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det har vore sagt at barnet er som ei flat tavle, som
vi vaksne skal skrive paa. Nei, flat var den tida som
kunde finne paa slikt tull. Og ikkje stort likare var dette,
at borna vaare er tome kar som det gjeld aa tylle. Var
det sant, maatte ein skule kunna skapa ein tosk um te ein
kloking, og kanskje gjera ein Per og ein Paal te ein
Wer-geland — naar berre tavla vart fullskrivi og karet fullt,
av rette slaget.

Nei, kaapaar biir aldri sylv. Men la det daa faa vera
kaapaar — rensk berre utor det alt slagget, so det biir
reint og ekte! det skal skulen leggje vinn paa. Kaapaar
skal vera kaapaar, og tene for kaapaar — soleis har Gud
ordna det. Har de ikkje lagt merke te skuleborna
dykkar, korleis dei rister av seg som visne lavusblad mest alt
dei „lærde" paa skulen, straks naar dei kjem ut i livet
og skal røyne seg og det riktigt knip. Daa er det arven
som stig fram, daa er dei seg sjølve.

Naturalistane no etter Darvins tid vil gjerne ha
eine-rett paa denne lova um arv og utvikling. Dei segjer det
er ei uppdaging dei har gjort, noko vi kristne ikkje har
visst um. Jau det har vi daa alle dagar. Men dessverre,
vi har overset dette, fyrst og framst dei kristne i byom
vaare — der kjenner dei knapt nok besteforeldra sine den
dag i dag. Men aldri bøndene og folk paa landet. Og
aldri Israelsfolket. Her har vi lært fraa Bibelen, at Gud
heimsøkjer paa borna alt det vonde fedrane gjer og har
gjort. Og kva anna er dette enn formelen for lova um
arv. „Fedrane aat sure druvor so bona vaare fekk sjuke
tenner," segjer Esaias. Les du Snorre og dei gamle
ætte-sogone fraa Island, vil du finne at fedrane vaare hadde eit
skarpt auge for dette, at borna er ein ny aarsvokster paa
slekts-treet, med same safter som rota.

Dette lyt vi sjaa klaart, skal vi faa vita kor allmektig
heimen er; og korleis skulen her nøydest te aa staa
te-nande, um han vil faa gjort gagnsverk for barnet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free