- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
136

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Daapen er inngangsdøra aat Gudsriket her paa jorda.
Daa kjem vi innatt i livs-samanhengen med vaar Gud og
far. Daa er kanalen open og kreftene kan strøyma til
og fraa.

Dette sa Jesus so greidt aat rabinaren Nikodemus.
Sanneleg, sanneleg segjer eg deg: Utan du biir fødd paa
nytt av vatn og Aand, kan du ikkje koma inn i
Gudsriket. Det som er født av kjøtet, er kjøt, og det som er
født av Aanden er Aand.

Den som biir undren er Nikodemus. „Kan det
verke-leg vera raad, at eit gamalt menneskje kan fødast upp att
ein gong til?" spør han. „Ja", segjer Jesus. „Men er du
ein lærar og skynar ikkje so mykje?" So sjølvsagt og
klaart er dette for Jesus.

Her har vi livsunderet. For livet er under — og
endaa meir aandslivet enn naturlivet.

„Hvordan det sker det ved vi ei,
her har han ikke vist os vei;
min sans saa høit ei kan sig sno,
det er mig nok hans ord at tro“, —

segjer gamle Kingo.

Eg har høyrt at naar vi kløyver ein eplekjerne og
legg under eit sterkt forstøringsglas, so kan vi faa sjaa
heile apalen derinne som i reiv og sveip, med von te
greiner og røter og alt som til treet høyrer — det ligg
der fint og levande, det er berre vokster som vantar.

Soleis er det med dette „himmelfrøet0 som biir lagt
ned i oss i daapen; vi er moldjorda, det skal vekse i oss.
For daapen er ikkje eit „dokument" paa ein arv eg ein
gong kan faa — nei, han er arven sjølv; riket som kjem
aat meg — og eg som kjem inn i det.

So gjeld det daa at dette livet siær rot og veks, veks
i meg. Jesus segjer det er saltet, som held meg frisk.
Han kallar det ög surdeigen, som skal gaa igjenom heile
min natur og hæve meg te kraft og te liv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0138.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free