- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
152

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Desse tvo smaabøkene skulde norske høgskulelærarar
studere. Visst saknar vi ein ting som høyrer til, ja er
noko av det fremste, naar ein skildrar sant fullblods
menneskjeliv — og som det ikke er tvil um finst i Jesu
liv — kanskje sterkare enn hjaa nokon annan som har
levt jordlivet; og det er vokster, utvikling, hjaa honom
sjølv — fraa daapen i Jordan til dauden i Jerusalem —
korleis han lærde av det han leid, ja voks seg fram
gje-nom vanskane, som kom sværare og sværare — sjaa det
er noko vi enno ikkje har faatt tak i. So greidt som
Bøhn har kunna synt oss voksteren hjaa dei tolv — fordi
han har gaatt i denne „skulen" sjølv — so har han ikkje
eingong freista paa dette med „meisteren". Nei, vi bør
nok vera vare. Men eg spør: Har nokon drøymt ein

større draum um sitt folk? og um mannaætta? Og vore
utsett for større vonbrot? — eller svik? Eg kan ikkje
vera i tvil um, at daa han sa: Heretter skal du sjaa

himlane opnå og Guds englar stige upp og stige ned over
menneskjesonen — og straks etter tok deim med seg til
brudlaup, og der gjorde vatn til vin — so tenkte han ikkje
fyrst og framst paa dauden, dømd av sitt eige folk, men
heller at „brudgomen" maatte vinne brura, som han
elska so stort. Og er ikkje dette den svarte gaata for
honom ög — som han maatte lære aa løyse, fraa dag til
dag? Er det ikkje som ein kuising rys igjenom han kvar
gong han ser ho? Og so denne underleg strenge
vendinga i hans liv fraa den store natta saman med Moses
og Elias — dei tvo som kjende dette forherda folket best
av alle. Høyr den sterke, stigande patos i hans tale um
krossen og den tronge vegen til livet! Og andletet hans
skarpare og skarpare snudd mot Jerusalem ... Og dei
tolv fylgde etter, „forfæra, forstøkte, fulle av ræddhugf
heiter det.

Daa ser han vegen klaart, soleis som han
verke-leg ligg. Dette er vegen til siger for honom!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free