- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
195

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sette imillom deim, og den kvelden han vaska føtene deira,
daa lærde han deim „det store" i det rikje). — La detta
vera som det vil. Det var likevel denne draumen som
gjorde deim til dei karane dei vart — til uovervinnelege,
hårdføre kjempor, som tolde meir og leid meir enn nokon
annan i si tid, og endaa aatte smil um munn — just
fordi dei var so glade.

Eg trur vi gjorde vel i, um vi gjorde himmelrikjet
litt meir jordisk, — fekk det litt nærare ned og inn til
oss. Vi trong endaa ikkje gjera det til eit muhamedansk
njotingsparadis.

Vi talar um „salighed*. Og vi stirer ut i lause lufta
og tenkjer paa eit tomrom med nakne sjæler som sviv
att og fram og syng. — Nei, nei; vi skal faa att kroppen
vaar, reinska og klaara gjenom dauden; og som fullblods
menneskjeborn skal vi bu paa ei grøn, blømande jord,
som er reinska gjenom eld.

Det var daa eg saag det, at eg vart glad i det evige
livet. Og borna, ja dei skynar dette.

Aa, for ei giede vi skulde faa, naar vi fekk riktigt
sjaa all herlegdomen framum oss! Fyrst eit tusenaarsrikje
her, med Kristus til konge — og so det evige jubelaaret
bakum. Og for eit arbeidsmot!

La oss leggje merke til korleis han sjølv manar til
slikt haap, og til arbeid for aa naa dette. Han talar um
tri tenarar, som fekk kvar sin pengesum; og til dei tvo
vart sagt: „Godt! du gode og true tenar, du var tru over
lite, eg vil setja deg over mykje, gakk inn til gieda hjaa
din herre!" Men til den tridje, som var rædd og hadde
grave pengane ned i jorda: „Du laake og late tenar! —

Ta og kast han i ut i myrkret utanfor!" — Han talar
um brudlaupet til ein kongsson — og han er mest i beit
for bilete, til aa skildre herlegdomen i dette rikjet. Han
finn dei ikkje sterke nok. „Kva skal eg likna himmel-
rikjet med?" segjer han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free