- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
199

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

av deira innerste lengslor etter eit fullkome menneskjeliv
og folkeliv.

Denne grunnlova var og er og biir „formelen" for
naturlover som alt menneskjeliv lyt byggje paa, soframt
det skal haide seg friskt. Altso: utanfor dei 10 bod inga
verkeleg lukke. Dei er moralen i menneskjelivet med
rot og med topp. Men straks eg nemner moral — eg
kjenner det — kjem vi te aa tenkje paa noko hardhendt
og kaldt som heiter plikt. La oss daa heller segja at dei
er ei framsyning i ord av det fullblods menneskjeliv paa
jord som ligg stundande og drøymande hjaa alle folkeferd.
Soleis saag jødefolket paa lova aat Moses. Dei saag der
livet straalande slikt som Gud og dei sjølve ynskte aa
faa det, og slikt som det skulde bli ein gong, naar Messias
kom med gullalderen og fredsriket sitt. David syng —
han grundar paa lova dag og natt, segjer han. Ho hadde
vorte ljoset paa hans veg og lampen som lyste for fotom
hans naar det var natt. Reint som vitskapsmannen naar
han søkjer og finn — lykelen, den som læser upp til
livsens løynderom. Eg kunde nemne mann etter mann
av dei største og beste, som ser dette.

Det er tvo centrum i dei 10 bod, som alt hitt krin-
sar kring: det 1ste bodet, um vaar stode til Gud, og det
4de, um vaar stode til menneskje.

Sjaa no paa det 4de bodet. Her i heimen møter det
fram, tek barnet i fanget og segjer: „Heidre far din og

mor di, at det maa gaa deg vel, og at du lengje maa faa
leva i det landet Gud Herren gjev deg."

Det 1ste og det 4de bodet er meir enn alle andre
boda utslag av noko upphavelegt i manna-naturen. Det
aa spotte guddomen og det aa spotte far og mor er eit
so stort brot mot det lovlege, at det hemner seg paa det
fælaste. Her kan vi segja at „kvar er sin lykkes smed".
I heimen, der grunnlegg eg framtida mi — den flyt ut

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free