- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
204

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje havt garden til gjevande, det sa eg mange gonger.
Og eg bar hugue noko høgt.

Jau, eg fekk daa endeleg mette meg med bøker og
papirvisdom; las meg sjuk. So maatte eg fint søkje att-
ende til „min moder jorden" og prøve faa att helsa mi.
Den makta som raar tok fuglen ved vengjebeinet — og
putta meg inn att der eg var komen fraa. Ja no sit eg
paa ein liten steinut gård, og slæpar alt eg orkar — og
trivst heilt upp godt.

Vi kan gaa paa skule etter skule, vi kan vekse og
utvikle oss, og det kan vera godt og vel alt ihop. Men
la oss aldri innbille oss at vi veks oss lause fraa far og
mor og den rot som gav oss livet og ol det upp. Hugs
ordtøket: Eplet feli ikkje langt fraa leggen, — og det
baade i god og vond meining. Det kan ofte sjaa ut
onnorleis. Vinje hadde ei husmannskjering te mor; Bjørn-
son ein prest te far. Men naar det riktigt knip, naar vi
kjem inn i dei tronge klemmor og lyt spørja etter oss
sjølve, daa fyk skulevisdomen og det tillærte av oss som
turre lauvsblad, daa staar vi att der nakne og sterke med
arven fraa far og mor og heim og ingen ting anna. Og
finn oftast fram.

Ingen har det krav paa vaar vyrdnad og kjærleik
som far og mor og dei gamle. Det fær ikkje hjelpe um
det ofte gaar etter ordet, at kua gløymer ho var kalv;
det fær vera det same anten dei skynar oss eller ikkje.
For vilkaara, grunnmuren under heile vaar vokster og
utvikling, er lagd til rettes av deim, av foreldre og beste-
foreldre, like ned til dei pengar dei har slæpa ihop, og
som vi fær reise paa skular for. Det er altsaman upp-
samla kraft som vi fær i arv og skal auke med rentor.

Ja la oss ta vart paa dei gamle. Endaa um dei ikkje
skynar korkje folkehøgskule eller maalsak eller ungdoms-
sak eller skyttarsak. Det er dei som er den djupe aar-
sak til at slike store og gode saker er uppe og vinn makt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free