- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
216

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

No har han vaaga seg paa den største av alle men-
neskjegaator, Jesus Kristus, frelsaren vaar. Og daa skynar
vi det biir aalvor.

Han spør: Kva synest du um Bibelens Jesus Kristus
— kven var han? Og han freistar aa løyse spursmaalet,
dette veldige mysteriet, med tanken!

Eg grys for aa gaa lenger. Honom som vi ligg paa
kne for og bed aat! Er vi ikkje halte og skakke og kryp-
lingar alle saman her? Høvdingen i norskdomsfylkingen
vaar like eins. Ein dverg som vi andre. Dette veit han
sjølv best.

Men boka si har han sendt ut. Og gjev her sitt
svar paa livsspursmaalet mitt og ditt; vi er paa ein maate
tvinga te aa tenkje over det att. Eg vil i kveld freiste aa
svara for meg.

Fyrst skal eg tilstaa at eg synest ho er beisk og graa,
denne boka hans no. Og ho er tungt skrivi — mot
mange av dei andre bøkene hans. Den glans og glo som
vanleg ligg over den pennen er burte her, einast naar han
talar um bergpreika merkar eg litegrand ekte varme. Meg
møter ho som eit pliktarbeid, han syntest han skulde ha
fraa seg gjort.

Men la oss no gaa i vegen med boka.

— Vi veit at Mose-lova smaatt um senn vart ned-
balsamert og til-gøymd av dei lærde, med lag paa lag av
fortolkningar og tillegg — so at daa Jesus kom og syn te
deim kjemen i lova, daa kjendest dei ikkje ved korkje
den eller Jesus. Honom dømde dei til brotsmann mot
lova og spikra han paa ein kross.

Dei vilde ikkje sjølve koma til ljoset, og dei stengde
for andre, so heller ikkje dei naadde fram. Dei tviheldt
paa makta si og bøygde folket under seg att til lyduge
trælar.

Soleis, meiner Garborg, har teologane vaare no um
dagen gjort med Jesus Kristus, den sanne og verkelege

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free