- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
218

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Han finn det som Renan har funne og Viktor
Rydberg — og unitarane og mange no um dagen finn —
men som desse tvo gamalkarane har sagt so mykje finare
og klaarare enn G. maktar aa segja det. Den som har
lese Jesu liv“ av Renan treng siett ikkje um aa lesa boka
aat Garborg. Han vil berre kjenne seg flat og skamfull;
og forundre seg paa at ei slik bok fær avsetnad. Men
det er namnet som gjer mykje her. Alle veit at G. har
ein kvass penn, og at han gruvlar sterkt over livsspurs-
maala vaare.

Jau, han finn dette same: at Jesus er det største og
beste menneskje som har levt og vore paa vaar jord; at
han av Gud verkeleg var tenkt til aa vera føraren, læraren
og hjelparen vaar; so vi kunde faa koma oss paa „rett
kjøl“ att eingong, og gjera Guds vilje, soleis som mei-
ninga var og er med livet vaart. Han er menneskjesonen,
den han sjølv sa seg aa vera, krunblomen i ætta vaar,
som vi skal lyde paa. Tankane hans er det beste saa-
frøet vi eig og har–––-

G. talar sant og vakkert um dette, og det er vel verdt
for oss som kallar oss læresveinar aa bøygje oss her.
Garborg er sjølv læresvein, so langt han skynar og ser
— her er han det.

Renan talar nok meir glimrande um Jesus som over-
menneskje; syner han fram som den store talaren han
var — og gjer naturen kring Nasaret mest beint fram til
uppdragaren hans! Han ser paa han med teater-augo,
som eit storslege fenomén. — Men Garborg er aalvorleg,
og vil ha han til høvding, ikkje til „fenomén".

Men so tek G. til aa „skåle av": det som ikkje høyrer
Jesus til, det som apostlane og teologane har dikta upp
um han etterpaa. Og det er mykje.

Fyrst er han no ikkje avla av nokon Heilagaand han
meir enn vi andre, men av Josef og Maria. Dernæst er
han sjølvsagt heller ikkje den gudesonen som apostlane

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0220.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free