- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
223

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sine misgrep til ho lærer aa akte seg. Set vi no attpaa
upp eit hinsidigt helvete, daa gjer vi Gud til overdjevel,
meiner G. Det som er visst, segjer han, er at Jesus
aldri talar um slike ting som endelaus straff.

Men kva vil dei daa gjera ved hans ord um ormen
som ikkje døyr og elden som aldri sloknar — det skynar
ikkje eg.

Er dette au tildikting? Ja daa! „Det er den seinare
kyrkja som har teke til aa leike so smaatt med den ævelege
elden “ — —. Ein lettvint maate aa bli kvitt det ein
ikkje likar.

So er vi komne beint inn i blindgata: Satan og hans
rike; den tyngste av alle svarte gaator. Vi løyser ho
aldri, korkje naturalistane eller vi.

Det einaste vi kristne har aa gjera her, sa Grundtvig,
det er aa segja ifraa oss djevelen og alt som høyrer honom
til — soleis som vi gjorde det i vaar daap — snu ryggen
aat han — og ta upp striden for himmelen og Guds rike
baade i oss og utanfor oss.

Det har so mange, mange spurt: kvar kom det vonde
ifraa? Men eg trur det er faafengt aa gruble her. Eg
vil svara at det kom ingenstad fraa. Det vart til — av
seg sjølv — ved ein sprengsmell, ein revolusjon, ein
katastrofe — ei fæl vrengjing, som gjorde godt um til
vondt. Eg maa tenkje paa nokon pæror eg eingong aatte
— dei anga som blomar og braana som honning paa
tunga mi. So reiste eg ifraa deim ei tid. Men daa eg
kom att stinka dei som fælaste møkk. Dette er inga
forklaring. Men her var hendt noko. Hadde desse
pærone vorte mindre gode? Nei, dei hadde bytt natur.
Dei hadde vorte vonde!

Det er tull, naar naturlistane segjer at det vonde er
mindre grad av godt. Jesus sa: „Naar Satan lyg, daa

talar han av sitt eige, daa er han seg sjølv.“ Var det
noko han visste klaart han skulde ta upp striden imot,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free