- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
16

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1<)

hev stræva mest med er aa faa Flokken til aa
trø lett og fint og ikkje «renne»; eg kann og
segja at me i Norig alt hev Dans som er betre enn
den som ein stundom kann sjaa paa Færøyane.
Me vonar, at me, paa vaar Vis, skal naa same Høgdi
som dei derburte hev naatl — med Tidi. At
Song-dansen vil halde seg uppe, um det stundom kjem
Nedgangstidir, det kan eg ikkje tvila paa lenger.

Visune merkjer Dansen : dei gamle, sterke
Kvædi gjev Eldhug og Sprækleik; men til laak
Vise vert det laak Dans.

Det er dei som trur at Færøydansen er lett
aa lære. Men der skal lang Tid til for aa
skapa ein god Stordans som den færøyske
Ringdansen. Skal det bli Liv og Magt og Venleik i
lian, so maa ein helst vera «fødd med Kvædi»:
maa kunna deim og elske deim, so ein i Dansen
kan liva upp att den Sogo som vert songi.
Den store Færøyringen krev mykje, av Kropp
som av Sjel. Og i vor trøytte Tid er det ikkje
allviss alle — i Bvane — som kann bli retteleg
gode Kvedarar og Dansarer til dei gamle
Stor-kvædi (Kjempevisune).

Men eg hev daa set ikkje so faa som
med Arbeid og god Vilje kann naa langt.
Likevel vert det vel enno ei Tid dei lettare
Songdans-Maatane som vert mest aalmenne,
dei som me berre hev laant Stegi til av
Færøydansen, og som me elles fær kalla norsk
Folkevisedans.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free