- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
43

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

43

og Sogudikting som daa raadde Grunnen, baade
den nordiske og den som kom til Øyane
sun-nanfraa gjenom framande Sjøfararar. Det vart
mange Dansekvad av dette. Og helst valde
Diktarane slike Emne som gav Tilføre til aa kveda
um gode og store Kjenslur, Manndom og Mod,
Truskap og Æreferd, Riddarhug og Sjølvofring
i Kjærleik og Venskap allt inn i Dauden; men
for den rædde og for den som sveik ein Vén i
Naud var der ikkje Refsing streng nok.

Det folkelege Skjemtevit vart og gjenom
Dansen løyst gjenom løglege Stev og Spottevisur.
Ein vanleg Maate aa refse ein Mann paa naar
han hadde fari rangt fram, var at tvo handfaste
Karar tok han imillom seg i Dansen, og tvinga
han til aa danse med etter Spottevisur som var
dikta um han og no vart songne. Eller dei
dikta Nidstev um han med’ dei dansa og lét
desse Stevi hagle nedyvi Syndaren, til dess dei
tykte han kunde ha fengi nok. Stakkaren hadde
ikkje anna aa gjera enn aa bite ifraa seg so
godt han kunde; og dermed var daa Saki
avgjord. At Færingane enno hev denne
ovunds-verde Improvisasjonsgaava høyrde eg sjølv paa,
daa eg var der burte (Sumaren 1902).

Eit av dei kjendaste Spottekvædi fraa nyare
Tid er «Fuglekvæde» av den folkekjære
Diktaren Skipar PaulNolsøe. Det er ei kvass og
lentug Spottevise yvi dei danske
Embættsinen-nane. som styrde og stellde som dei for godt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free