- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
67

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

67

Fot» ; og ofte er dei som fyrr nemnt, ille
medfarne av Tidi. Dei hev gjengi fraa Munn tit
Munn ofte gjenom Hundradaar, maa ein hugse,
og gjenom mange Land med; dei hev vori ute
for mangt-slag. Versi kann snart ha stutte,
snart lange Linur til same Tonen; berre Stevi
høver mest alltid fint til Musiken.

Men her maa me hugse, at Framføringi av
Sogo i Dikte — sjølve Visa — hev vore herre
halvveges Song; det var mest likso mykje
Fram-segjing (Recitation). Tonen til Versi er daa ofte
rett skiftelaus; Songaren kunde soleis setja inn
Ord eller tøygje paa Ordi, ettersom det høvde.
Og so fær ein lempe seg fram ; med litt Øving
greier ein snart den Ting. Me veit det hev vori
eit vandt, ja mest raadlaust Arbeid aa faa dei
gamle Visune uppskrivne med den nyare
Tonestigen, so dei fekk rette Svipen; Bygdefolk segjer
daa og baade her og paa Færøyane, at dei ikkje
kjenner Kvadi sine att, naar dei kjem paa Notar.

Mange Naturfolk hev ein femdelt Tonestige
(Pentatonik; sjaa S. 46.)attaat hev dei daa havt
Recitation etter den gamle Skaldemaaten.

Daa eg fekk høyre Færingane syngje tykte
eg dei song paa same Maaten som gamle Folk
i norske Bygdir; det var berre endaa meir
ser-merkt og heilt paa (iamlemaaten. Eg hev høyrt
Visur i Sætisdalen, o. a. St., som eg ikkje kunde
kjenne att, naar dei vart sungne etter vaar Vis.

1 «Folkesangen paa Færoerne». S. 203 o. fr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free