- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
15

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— II —

Kunde det gaa væl dette, at greven og
bok-mannen slo seg paa bondeliv? Kunde han halda
det ut?

Ja, han heldt det ut. Og han saag ikkje anna
en godt av det.

Alle folk hadde spaatt ille, og alt slags ilt.
Kropsarbeidet vilde for det fyrste taka so mykje
tid, at han kom til aa maatta svikta sit rette kall,
som var aa skriva bøker.

Men det viste seg, at arbeidet helder friska
han upp, so han fekk meir baade hug og kraft
til skriftlegt arbeid. Og han rekna ut, at um han
berre vilde bruka helgedagarne til aa skriva, og
paa kvar helgedag skriva berre tvo sidur trykt, so
vilde han paa berre fjortan aar kunm. skriva so
mykje som han fyrr hadde skrive i all si tid, daa
hans meste kraft gjekk med i ein endelaus strid
med langsemdi.

So skulde han ikkje kunna halda sitt aandsliv
uppe utan teater, selskapsliv og alt slikt. Men det
viste seg, at han ikkje kom til aa sakna noko av
dette. Den langsemdi han fyrr ikkje med alt stræv
kunde verja seg imot, vart reint burte no, og ein
rikdom av glede og hyggje kom i staden, som han
fyrr ikkje hadde visst um elder tenkt seg. Di tyngre
og «grovare» arbeid han tok seg til med, di
nærmare kom han naturen og folket, og lærde dermed
meir og fann meir hugnad i sitt tilvære en nokon
gong tidlegare. Og etter arbeidet kvilde han seg
med ei bok elder i ein samtale med husfolk elder
gjester ved ein kopp te, og hadde ikkje minste
bruk for noko anna. Han kom i det heile til det,
at teater, konsertar, store selskap, visitar, kortspel,
avisur, romanar osfr., det er berre noko som paa
kunstig vis skal halda uppe aandslivet hjaa folk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free