- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
33

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Men Martin reiste koppen upp att og fyllte han
ein gong til. »Drikk du berre, det er deg væl
unt,« sa han.

»So tenkjer eg so ofte paa korleis Vaarherre
og frelsar den gongen han vandra her paa jordi
ikkje helt seg for god til aa ha umgang med kven
som helst. Han tok seg tilmed mest av simple
folk, og flestalle av disiplarne valde han millom
folk av vaart stand, millom arbeidsfolket —
syndarar som du og eg. »Den som set seg sjølv
høgt han skal setjast laagt, og den som set seg
sjølv laagt, han skal setjast høgt. De kallar meg
herre, seier han, men eg tvaar føterne daare. Den
som vil vera den fyrste, seier han, skal verta den
siste. Sæl er dei fatike, dei taalmodige, dei
fredsæle, dei barmhjartige.«

Stepànitsch hadde reint gløymt teen sin.
Gamal som han var, og mjuk um hjarta, trilla
taarorne der han sat og høyrde paa Martin.

»Drikk litt til,« sa Martin til han. Stefànitsch
korsa seg andegtigt, men skuva koppen fraa seg,
reiste seg og sa:

»Du skal rett ha takk, Martin Avdéjitsch for
god traktering. Du hev metta meg baade paa sjæl
og kropp.«

»Sjølv takk. Sjaa innum ein annan gong.
Du skal vera vælkomen,« sa Martin.

Stepànitsch gjekk. Martin skjenkte upp i
koppen sin det som att var av teen, drakk det,
sette testellet tilside, og tok til aa arbeida att.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free