- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
42

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Der det er kjærleik, der er Gud

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Han snudde seg, og saag at det stod eit
menneskje i kraai burtved døri, men vart ikkje
klok paa kven det var.

Daa høyrde han at det kviskra: »Martin!
Martin! Kjenner du meg ikkje att?«

»Kven skulde eg kjenne att?« spurde Martin.
»Meg,« svara det. »Det er eg.« I det same steig
Stepànitsch ut av den myrke kraai med ein smil
um munnen, løyste seg upp som ei sky, og kvorv
burt.

»Og det er eg,« sa eit anna maal. Her kom
kona med baanet ut av kraai. Kona smilte, og
baanet log, og burte var dei.

»Og det er eg,« sa eit tridje maal. Det var
kona med spønesekken og guten med eplet. Baae
smilte, og kvorv burt liksom dei andre.

Martin vart so inderleg glad tilmode. Han
krossa seg, sette brillorne paa seg, og til aa lesa
i testamentet paa den staden der boki hadde
opna seg. Øvst uppe paa sida las han: »For
eg var svolten, og de gav meg mat. Eg var
tyrst, og de gav meg drikke. Eg var framand,
og de tok meg til dykk.«

Lenger nede las han: »Kva de hev gjort
mot ein av desse mine minste smaa, hev de og
gjort mot meg.« (St, M. evang. 25 kap. 35—40.)

Og Martin skyna at draumen ikkje hadde
narra han; at frelsaren hadde vore der den dagen,
og at han i røyndi hadde teke honom inn til seg.

*


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free