- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
82

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Ellevte koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 82 —

Eg veit ikkje noko, seier eg. Eg hev slett ikkje
havt noko med ho. (buser upp). Giv eg maa døy
her eg stend um det ikkje er sant! (krossar seg.)
Eg veit ingen ting. (Togn; kvassare). Kva skal det
seia at de plent vil gifta meg med henne? Det
er beint fram ei skam! No til dags gjeng det
ikkje lenger aa gifta folk med magt. Det er
tingen. No hev eg gjort min eid paa det; so
kan de daa sjaa at eg veit ikkje noko.

Matrøna. Det er tingen. Den gamle
tulle-mikkel! Kva ein so set i han, so trur han det.
Der hev du no berre gjort sonen din harm. Det
beste me kan gjera er aa lata han vera her han
er. Peter Ignatisch gjer nok so væl at han
hjelper oss med ei 9—10 rublar. Med tidi . . .

Peter. No, Akim, kva seier du ?

Akim (til sonen). Gløym ikkje, Nikita: «Fals
slær sin eigen herre paa hals.» Dei taaror ho
græt, vil du faa svida for seinare. Pass paa . . .

Nikita. Kva er der aa passa paa; du kan
sjølv passa paa. (set seg paa benken).

Anjutka (avsides). Det maa eg ut og fortelja
mor. (spring ut.)

Matrøna. No, so vert det altso ved det
gamle daa, Peter Ignatisch. Gubben min er no
ikkje anleis. Hev han fyrst sett seg eitkvart i
hovudet, so fær ein det ikkje fraa han, kor dumt
det er. Me hev berre gjort deg umak til ingen
nytte. Nikita vert altso her han er, og skal
berre sjaa til og lyda husbonden sin.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free