- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
94

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 94 —

for det solenge du liver, (kviskrar). Hev du so gjeve
han litt av den sterke teen ?

Anisja. Aa . . . (braateier daa ho ser Aksinja).

Aksmja (kjem gangande og stansar ved huset).

Anisja! Anisja! Er det ikkje gubben din som
ropar paa deg derinne?

Anisja. Nei det er berre ein slik stygg hoste
han hev, det lydest mest som han skreik. Det
stend berre smaatt til med han.

Aksinja (til Matrøna). Godag, vesle bestemor I
Kvar kjem du ifraa?

Matrøna. Heimanfraa, veslemor. Eg skulde
berre lydast um sonen min og senda han nokre
skjortor. Løgje med det; ein tenkjer paa sine.

Aksinja. Ja det er sant. (til Anisja). Eg hadde
tenkt aa bleika lereft; men dei seier det er
fortidleg. Ingen av vaare hev byrja enno. (vil gaa).

Anisja. Hev det slik hast?

Matrøna. Hev presten vore her?

Anisja. Ja, kors! Han var her igaar.

Aksinja (til Matrøna). Eg seier deg, mor, det
er uraad aa skyna kor livet kan hanga. Han
er daa berre skinn og bein. Igaar var det no
reint elegt med han. Han laag og kunne korkje
gjøy elder gapa. Tilsist trudde me han var klar.
Me hadde alt fenge han burtunder heilagbilætet
og skulde rett til aa vaska han . . .

Anisja. Ja tenk! Men so vakna han upp
med det same, og no gjeng han der inne og kravlar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free