- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
126

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 126 -—

daa flaadt heilt av kroppen paa meg, so laaner
du meg av pengarne til Anisja. Er eg derimot
ei fatig lus som ikkje hev noko aa eta, so fær
bjølla ein annan laat. Du ser at der er ikkje
noko aa fiska og seier: «Nei, gode ven, gakk
du med Gud!» kjem der so ein annan som det
er betre utsyn med, so gjev du han; og paa den
maaten set du burt baade dine eigne pengar og
Anisja sine, og flaar baade han og alle andre
so godt du kan. Her hev du kva dei kallar
bank. Paa den maaten gjeng det heile av seg
sjølv. Jau, det er fint utrekna, kan du tru!

Akim (harm). Men kva er daa dette for noko ?
Det er daa beintfram snyting. Bønder kan nok
gjera slikt noko — reine bønder. Men dei held
det daa for synd, kor galne dei kan vera. Er
det kanskje etter lov og rett? Nei det er ikkje
etter lov og rett; det er farkestell er det. Kor
kan daa uplærde folk.....

Mitritsch. Jau, far, det er just vatn paa
kverni deira. Du skynar. Einkvar faamingen, elder
eit kvinfolk, som ikkje sjølv kan setja pengarne i
drift, dei set dei i banken, og dei kararne — giv
dei maa faa ein agurk paa tvert i halsen! — dei
stikk dei i lumma og flær skjorta av andre folk
med dei. Jau du kan tru det er fint utrekna!

Akim (sukkar). Ja ja! Det er som dei
seier-pengar gjer sorger, anten ein hev dei elder ein
ikkje hev dei; men etter mitt skyn er det daa
betre aa ha forlite av dei en for mykje. Som no

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free