- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
138

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 138 —

tottarne paa kvarandre att. Aa Herre Jesus!
Barmhjartige Mikola!

Akim. Verso god, kryp du berre inn i kraai.

Mitritsch. Dei kan daa aldri koma tilliks
um aa byta han millom seg. Aa Herre Jesus!

Nikita. Akulina? Kom med likøren so me
kan faa litt av den i teen.

Anjutka (til Akulina). Akulina! Temaskina er
ved aa gaa av kok.

Nikita. Og kvar er mor?

Anjutka. Ho stend utpaa gangen og græt.

Nikita. Aahaa! Rop paa henne og lat henne
koma med temaskina. — Akulina, set so du
kopparne fram.

Akulina (i tankar). Kopparne? No ja, det kan
eg altid. (Set koppar og glas paa bordet).

Nikita (set kringlor, sild og ei likørflaske paa bordet).

Det her er til meg; so er den traaden der til
kona, og oljen sette me att ute. Og her er
pengarne. (set seg ved bordet og tek reknetavla ned
av veggen). No skal me sjaa. Kveitemjøl — firs,
olje for .... ti rublar .... Far! kom so og

drikk te. (Togn. Akim sit paa omnen og bind bastskorne
paa seg).

Anisja (kjem med temaskina). Kvar skal eg setja
henne ?

Nikita. Set ho her paa bordet. Naa, hev
du so vore til politiet ? Aha! Ein annan gong
stikk du pipa inn og held tann for tunge. No,
ver ikkje vond lenger daa. Set deg ned og drikk.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free