- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
164

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Brigde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 164 -—

Mitritsch. Me fann henne — rett og slett.

Anjutka. Ja, men kvar ? Fortel.

Mitritsch. Jau, me fann henne der i eit hus.
Me kom inn i landsbyen, ser du. Soldatarne
traska um og nasa inn i kvart hus, og der saag
me so den vesle ungen. Ho laag velte seg paa
magen, og me skulde nett til aa gjera det av med
henne. Men med ein gong vart eg so rar i hug.
Eg vilde ta ho paa armen, men sjaa um ho gav
seg! Ho gjorde seg so tung som ein stein og
haka seg fast med henderne i alt det ho berre
kunne faa fatt paa, so eg nær aldri hadde fenge
rive henne laus. Endeleg fekk eg henne daa upp
og gav meg til aa klappa henne paa hovudet.
Ho var so skurvutt som eit pinnsvin og skreik alt
det ho orka; men eg klappa og klappa, og
tilsist vart ho roleg. Eg bløytte ein kavring og
gav henne. Jau det forstod ho daa, og gav seg
til aa gnavla paa han. Kvar skulde me gjera av
henne? So tok me henne med oss. Me stelte og
passa henne, og ho vande seg so til oss at ho
fylgde med oss heile tidi so lenge ufreden varde.
Jau, det var ein nett liten unge.

Anjutka. Men ho var daa ikkj e døypt ?

Mitritsch. Det er ikkje godt aa seia. Eg
trur nok ikkje sodan regtigt; for ho var ikkje av
vaare landsmenn.

Anjutka. Kanskje var ho ein tyskar?

Mitritsch. Jau visst! Ein tyskar! Nei ingen
tyskar, men ein asiat. Dei er plent som jødar,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free