- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
180

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— i6o —

(Matrøna kjem. Daa Nikita fær sjaa mor si dreg han
hovudet ut or lykkja og legg seg i halmen).

Matrøna (skunda seg burt til han). Nikita!
Nikita! — Ein skal sjaa han svarar ikkje, dihelder!
Kvar vart det av deg Nikita! Du er daa ikkje
full ? Kjære sonen min, gakk no inn. Folk vert
reint tolmodslause av aa venta so lenge paa deg.

Nikita. Aa, kva hev de gjort med meg? Eg
er slett ikkje menneskje meir.

Matrøna. Kva er no det? Kom no inn og
gjev di signing som seg sømer. So kan du daa
gaa din veg sidan. Gløym ikkje at dei stend
venter paa deg aliesaman.

Nikita. Kor skal eg kunne signa? . . .

Matrøna. Visst veit eg det. Men kven
eidet eg skal signa? Kva er det eg hev gjort imot
henne ?

Matrøna. Gjort imot henne? Jau det var
daa noko aa tenkja paa! Det er ingen som veit
det minste, ikkje ein katt. Og sjølv er ho daa
viljug.

Nikita. Viljug?

Matrøna. Du veit der er otte med i spelet;
men ho gifter seg daa. Og kva anna skal ho
vei gjera? Det skulde ho ha tenkt paa fyrr. No
er det for seint aa slaa seg vrang. Trulovarane
hev helder ikkje noko aa klaga over. Dei hev
set gjenta heile tvo gonger, og so hev ho daa
mange pengar. Nei, du kan tru den sak er i
gode hender.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0186.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free