- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
199

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - I - II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 199 —

i veg. Kven kan vita kva menneskje dette er,
elder kva han hev gjort, sidan det hev gjenge
soleis med han? Gjeng ein no burt til han, og
han fer upp og tek ein so i kverken at ein vert
av med livet med det same? Og skulde han
ikkje ha det paa den maaten, kan ein faa mas
nok med han lel. Kva skal ein gjera med han,
naken som han er? Ein kan daa ikkje klæda seg
sjølv naken og gi burt det siste ein eig. Gud gi
ein berre var væl herifraa!»

Skomakaren gjekk vidare og var alt komen
eit godt stykke fraa kyrkja, daa samvitet slo
han, og han vart standande midt paa vegen.

— Kva er det du gjer, Semjon? sa han til
seg sjølv. — Der ligg eit menneskje og umkjemst;
men du vert rædd og gjeng framum. Hev du
kanskje vorte so rik no med éin gong og er
rædd dei skal plundra deg for all din rikdom?
Det er ikkje pent av deg, Semjon!

Med desse ord snudde han og gjekk burt
til mannen.

II.

Daa han var komen so nær at han kunne
sjaa, viste det seg at det var ein sterkbygd ung
mann som ikkje hadde lide minste overlast paa
kroppen; han var berre fælt forfrosen og
forskræmd, og sat studde seg upptil veggen utan aa
sjaa paa Semjon, og saag ut til aa vera so
avkrefta at han ikkje kunne faa upp augo desmeir.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free