- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
211

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - V - VI

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 211 -

— Nei, eg forstend meg ikkje paa noko.

Semjon totte dette var rart og sa:

— Naar berre hugen er der, kan ein læra
kva det skal vera.

Eg vil gjerne arbeida.

— Kva heiter du?

— Mikael.

— No, Mikael; du vil ikkje ut med kven du
er, og det vert di sak; men maten kan ein ikkje
und vera. Vil du no gjera det eg set deg til,
so skal eg nok halda deg kosten.

Gud løne deg for det! Eg vil gjerne læra.
Syn meg berre kva eg skal gjera.

Semjon synte han no kor han skulde sauma
sko og styvlar, og Mikael var so lærenem at han
alt paa eit par dagar lærde aa sauma so godt,
at ein skulde tru han aldri i sitt liv hadde gjort
anna ein sauma sko. Han var trottig ved arbeidet,
aat lite, og naar der ikkje var noko aa gjera,
sat han tagall og saag upp. Han gjekk aldri ut,
sa aldri eit gagnlaust ord, og ein høyrde han
aldri korkje skjemta elder læ. Berre ein einaste
gong hadde dei set han smila, — det var daa
Matrøna den fyrste kvelden han var der hadde
sett kveldsmaten fram for han.

VI.

Der gjekk dagar, vikor, og maanader, og
tilsist var det gjenge eit heilt aar. Mikael budde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0217.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free