- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
228

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - XI

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 228 -—

der budde kjærleik i folk; eg gledde meg over
at Gud alt hadde teke til aa visa meg kva han
hadde lova, og smilte for fyrste gongen. Men eg
hadde kje røynt alt enno; eg forstod enno ikkje
kva det er som ikkje er menneskja give, og kva
som held folk ilive.

Aaret etter kom det ein mann og tinga os
eit par styvlar som kunne vara eit heilt aar og
ikkje gaa upp i saumarne, og fekk i det same
auga paa dauden som stod tett bak han. Ingen
annan saag dauden, men eg kjende han og visste,
at fyrr soli glada vilde han henta sjæli aat den
rike mannen. Og tenkte ved meg sjølv:
«Mannen grev ihop for eit heilt aar, og veit ikkje at
han skal liva til i kveld». Eg kom no ihug det
andre gudsordet: «Du vil faa røyna kva som ikkje
er menneskja give».

Kva det bur i folk visste eg alt. No fekk
eg sjaa kva som ikkje er menneskja give. Det
er henne ikkje give aa vita kva som batar best.
Eg smilte no andre gongen. Eg var so glad
over at Gud hadde lært meg um det andre ordet.

Enno forstod eg ikkje alt; eg skyna kje, kva
som held folk ilive. Eg venta og venta at Gud
skulde tyda det tridje ordet for meg. Og so kom
kona med dei tvo smaagjentorne. Eg kjende dei
att, og fekk no vita kor dei hadde vorte berga.
Eg tenkte daa for meg sjølv: «Moderi bad for
baani, og eg trudde henne; eg tenkte at dei ikkje
kunne liva utan far og mor, og her hadde eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0234.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free