- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
34

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Dei einskilde skular

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

■*- 34 -

Styrarar har vore:

1. Seminarist og student Johannes Arneson,
no styrar av Sverresal ungdomsskule i
Jarlsberg, 1906—13.

2. Seminarist og landbrukskand. M. tfaga,
1913. Er styrar no.

Siste skuleaar har Karl Omholt vore
konst. som styrar.

Jarlsberg og Larvik.

Jarlsberg og Larvik amtsformannskap
uppretta i 1875 ein amtsskule for amtet.
Skulen vart opnå 7de jan. 1876 paa garden Aas
i Sande. Skulen vart sidan kalla »Søndre
amtsskole: og er no Skiringssal ungdomsskule-

I 1876 uppretta amtsformannskapet ein
amtsskule til. Denne vart opnå 13de okt. s.
aa. i Sandeherad. Skulen heitte sidan »Nordre
amtsskole« og er no Sverresal ungdomsskule.

Ved baae skular skulde vera 2 lærarar og
eit 6 mdr. skeid aarleg for konfirmerte gutar.
Amtsformannskapet i 1876 vedtok ogso aa
setja igang eit serskild gjenteskeid paa 3 mdr.
Dette vart lagt til den fyrstnemnde skulen.
Aaret etter fekk ogso den andre skulen sitt
gjenteskeid. Ved baae skular vart daa tilsett
lærarinnor i kv. handarbeicl. Skulane skulde
vera flytjande, og drog no rundt i
Jarlsbergs-bygdene i mange aar og under skiftande kaar
— i regelen 2 aar paa kvar stad. 1 1888 vart
»Sondre amtsskole« nedlagd, men kom igang
att 1893, og daa vart sløydundet visning
inn-førd. »Nordre amtsskole« har derimot vore i
gang heile tidi. Her vart sloyd innford som
fag i 4889.

1 1897 vart fellesundervisning for gutar
og gjentor innførd ved baae skulane, og
samstundes fekk skulane theoretisk og praktisk
undervisning i husstell og matlaging. Ved kvar
skule vart daa tilsett ei hushaldslærarinne.
Skeidet vart 7 mdr. og varer fraa 1ste oktober
til 30te april

Med at skulane fekk skulekjøken og
undervisning i sløyd og hushald, kom o&so
skulane til aa verta lenger paa kvar stad.
»Søndre amtsskole« var soleis i fleire aar paa Nordby
i Sandeherad. Styrarane for skulane tok upp
arbeidet for faste amtsskular og fekk studnad
fraa mange kantar, mest av formannen i amts-

skulestyret, den kjende skulemannen
sokneprest / v. d. Lippe.

Skiringssal ungdomsskule.
Sandeherad kommune vedtok so i 1903
aa byggja eige hus for »Søndre amtsskole«,
og amtstinget avgjorde daa at skulen skulde
vera fast her. Amtsskulebygnaden kostar
paa-lag 25000 kr. Pengane vart skaffa tilveges ved
eit laan av »oply^ningsvæsenets fond«.
Laanet vert forrenta og avdrege ved dei
innskri-vingspengar som elevane betaler. Amtet har
overteke vedlikehaldet; men Sandeherad
kommune ber utgiftene til uppvarming, Ijos og
reinhald. Um hausten 1903 vart skulen opnå
i den nye bygnaden, og han vart daa døypt
Skiringssal ungdomsskule.

Ved denne skulen vart siste haust
uppretta ein serskild klasse for dei som vil lesa
jordbruksfag. Ein jordbriikskandidat vart daa
tilsett som tridjelærar.

Korkje lærarar eller elevar bur paa skulen.
Der er ikkje gymnastikksal.
Styrarar ved skulen har vore:
1. Kand. theol. O. C Bærøe, no sokneprest
i Holt, 1876-81.

Daa Bærøe var fedig som theologisk
kandidat i 1875, var det hans meining
saman med kand. theol. O. K. Randers
aa setja igang ein folkehøgskule med
»luthersk-kristeleg« program i Jarlsberg.
Han var sikra tilskot til skulen av P. L.
Hærem. Men daa han s. aa. fekk styrar
posten ved amtsskulen, vart tanken um
folkehøgskule nedlagd. Randers gjekk
straks over i presteteneste. Um arbeidet
i amtsskulen dei fyrste aar skriv Bærøe
fylgjande, som visst ogso kann høva paa
andre stader:

»Mangemottok skolen (amtsskolen) med
fordom og tvil, idet man ikke forstod at
værdsætte betydningen av at lære mere
end hvad folkeskolen kunde byde. Der
var ogsaa de røster ute, som mente, at
jo mere en bondegut læste, des mer
opsætsig og forkvaklet blev han. De gamle
obskure betragtningsmaater var endnu
ikke utdøde. Dertilmed frembød den nye
undervisning sine vanskeligheter, idet flere
ikke kunde gjøre sig fortrolig med den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free