- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
54

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - III. Private ungdomsskular - Private ungdomsskular

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 54 —

ungdomsskular i amtet ikkje var kristelege
sidan dei ikkje hadde dette namnet. Styret
for skulen gjekk med paa aa stryka ordet
»kristelig«.

Seinare flutte skulen til Fyrde, der han
no har eigne hus med ein liten gård til.

Fyrste styraren var kand. teol. N.
Langvand, 02—03. Etter honom kom Rasmus
Øvrelid, som no er styrar. – Han er fodd
1876 paa Sunnmør, lærareksamen fraa Volden
i 97 og styrar av skulen sidan 1903.

7. Sunnmøre ungdomsskule
kom igang hausten 1908 og fekk statstilskot
i 1910. Etter det plani fastset vert skulen
»driven av Sunnmøre fellesforeining for
in-dremissjonen og Sunnmore krins av kristelege
foreiningar for unge. St/ri for desse tvo vel
tri mann kvar til eit styre for skulen.«

Skulestyrar er Oudleik Kaisnes. Han er
fødd i 186S, gjekk paa ein emissærskule i
Bergen, eksamen paa Notodden 97 og hadde
vore 9 aar lærar paa Fredly ungdomsskule,
daa han vart innsett til styrar av
indremis-sjonsskulen paa Sunnmøre. —
8. Borgesyssel kristelege ungdomsskule

Skulen har eigne hus med ein gård som
heiter Haugetun. Det er prestar som har
gjort mest for aa reisa H. N. Hauge dette
minne, m. a. Dr. O. Hallesby, sokneprestane
Wisloff og Bang. Skulen kom igang 1912
og fekk statstilskot i 1913.

Styraren er Ole Roaldset, f. 1881,
eksamen fraa Levanger Iærarskule 04, var lærar
i folkeskulen i 4 aar og ved Fredly
ungdomsskule i 4 aar fyrr han kom til Haugetun.
9. Den kristelege ungdomsskule
paa Sörlandet
kom igang hausten 1912 og fekk tilskot fraa
Lister og Mandals amt fyrste skuleaaret. In-

dremissjonen eig og har sett skulen igang-

1 »Grundregler« for skulen § 3 staar: »Skolen
ledes av et forstanderskap, bestaaende av 22
medlemmer og valgt for 4 aar ad gangen«.
Vanlege skulefag. »Eleverne faar vælge,
hvilken maalform, riksmaal eller landsmaal, de vil
bruke som hovedsprog«. —

Styrarcn for skulen, Bernt Nordset, er
fødd i Ktøbu 1883, eksamen paa Notodden
04 og har vore lærar ved Fredly
ungdomsskule i 8 aar.

Umframt desse 9 har indremissjonen faatt

2 andre ungdomsskular uppretta, som enno
ikkje har faatt tilskot av amt og stat:
»Indre-missionens ungdomsskole paa Jæderen« —
styrar Mikael Aksnes — opnå hausten 1913,
med 63 elevar — og »Fred/ieim ungdomsskole«
i Saltdalen, sett igang av indremissonsfolket
i Nordlands amt hausten 1913, styrar Faste
Svendsen.

I fleire andre bygder tenkjer dei paa aa
faa kristelege ungdomsskular igang i den
nærmaste framtid.

Av desse 9 private ungdomsskular som
no har studnad av amt eller stat, har 2
gym-nastikksal med utstyr, 7 har skulekjøken, 8 har
sloyd, ved 3 skular er det gjentekursus.
Indremissjonen eig 6 av skulane, eit lutlag eig
1, 1 eig styraren og 1 held til i leigde lokaler.

Læreemni, talet paa lærarar o. s. b. er i
det store og heile som ved folkehøgskulane.
Paa indremissjonsskulane er det i regelen fleire
timar i kristendomskunnskap. —

Ved dei private ungdomsskular er det
21 faste lærarar, 15 lærarinnor og 11
timelæra-rar, tilsaman 47. Av styrarane har 2
teologisk embættseksamen og dei andre 7
lærareksamen.

BØS 0 0 0 Q 0 0 B

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free