- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
11

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Barndom og ungdom.

11

Langeland, som lieitte Egelykke, og vart huslærar. —
Mannen paa Egelykke var kaptein og heitte Karl Stensen-Leth.

Han var gift med ei dotter til kammerherre Fabricius
de Tengnagel, den fagre, livlege og evnerike Constance.
Dei hadde ein gut paa 7—8 aar, som Grundtvig skulde lære
op. Men til dette trong han sjølvsagt ikkje heile tida; den
meste tid utanom skulen bruka ban til aa lese og gruble.

Han var lite med i selskapslivet. Kapteinen var ein
ivrig skyttar og idrottsmann; men utanom dette hadde han
vei ikkje mange hugmaal, Den fatige, unge kandidaten med
dei vaknande diktardraumar og det, grublande sinn kjende
seg framand milloxa dei, som samla seg om kapteinen.

„Arvet alvor, fatigdom, stolthed og ærgjerrighed holdt
mig langt borte fra vordens lystighed."

Fru Constance Stensen-Leth likna ikkje mykje paa
mannen sin. Ho veit ung og væn og mykje livleg; men
sume tider var ho sorgmild med. Ho hadde mange
kunnskapar og var glad i literatur, skreiv vers og dikt av og til.

I nærleiken av Egelykke ligg Bostrup preste gard. Der
budde presten Kristen Graae, som Grundtvig var mykje
saman med denne tid.

Frua til Graae heitte Lorentse, og henne fylgde det
stødt liv med. Ho interessera seg mykje for bøker og. —
Presten Graae vilde ofte ha Grundtvig til aa preike for seg,
og ban heldt mange preiker i Bostrupkvrkja. Opskrifta
til ei av desse preikene, (9de sundag etter trieiningssundagen
1805} syner, at han tala som prestar flest paa ri en tid. —
Lorentse Graae var god ven med frua paa herregarden. Og
ho gjekk dit ofte.

Som oftast var Grundtvig still og aal vor leg og livde
mykje for seg sjølv; han hadde alt daa noko av det væsen,
dei gjerne fær som liver meir saman med bøker enn med
menneskje. Men nokon sur einstøding var han ikkje. Naar
han var saman med prestefolket og fru Constance, kunde
han baade vere livleg og morosam. Dei fylgde godt med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:30:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free