- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
61

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Danmark.

i 61

gynde tala si med mnleirlingsdiktet til Ingemanns
„Valdemar den store":

„Stig öp a f graven, du slegt, som døde.
foriael dit fald og uf mul din lirede,
advar os for udslettelsens dom
og vi’s or, hvortrfi din treise kom!"

Den første styrar for skulen var kand. teol.,/. Wegener.
Ved dei skule- og folkemøta, som tok til i 40-a ara, hadde
han vist seg aa vere ein stor talar. Men han fekk lite og
inkje høve til aa arbeide direkte i høgskulen. Han var ved
Rødding høgskule berre eit halvt aar, og so vart han sjuk
og maatte slutte med skule arbeidet. Seinare vart han prest
paa Langeland. Kristian Flor vart no sjølv styrar og under
hans dugande og energiske styringfekk skulen etter kvart feste.

Men enno var det mange vanskar aa vinne over i den
første tid. serleg økonomiske. Men dei teikna akti ar og
stræva paa andre maatar, so dei fekk halde skulen oppe
heilt til 1848, daa ufreden tok til. Den 31te mars seint om
kvelden kom det bod om oprøret i Sönderjylland, og alle
elevane reiste heim. Fleire av dei gjekk friviljug med i
krigen.

I 1S50 kunde skulen etter ymse vanskar take til att.
Fraa mange kantar fekk dei no hjelp. Riksdagen bevilga
6000 kr. til „høiere bondeskoler" av dei midlar Sorø akademi
hadde.

Styraren fraa 1850—62 var Sofus Høgsbro. — Meldingane
om skulens arbeidsmaate, stilling og omdøme i den første
tid er i mange maatar lærerike og interessante.

Det vanta heller ikkje i Danmark paa dei, som arbeidde
imot høgskulane og freista aa gjere dei mistenkjelege. Dei
same klager og innvendingar, som det norske høgre har
kome med mot den norske folkehøgskulen, kom og mot Flöi’
sin skule og mot dei danske folkehøgskulane i det heile,
serleg daa høgskulens menn tok til aa kome med i det
politiske liv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:30:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free