- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
159

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

X orge.

159

liv. Han var i månge aar stortingsmann fraa N. Trondheims
amt og vart i 1908 statsraad og sett. til aa styre
landbruksdepartementet.

Som tingmann og statsraad har han altid nytta høvet
til aa tale høgskulens sak. - - Han er av desse som ikkje
har gløymt sine ungdoms ide al ar.

Lars Bentsen kom og mykje med i det politiske liv.
Han vart väld til stortingsmann i 1876 og har skrive i blada
om skulespursmaal o g andre ting. Daa han slutta med
høgskulen, vart han styrar av ein skule for blinde, kjøpte seinare
ein gard i Smaalena, der ban no bur.

Daniel Knutsen Sæter er son til ein gardbrukar i Halse
paa Nordmør og fødd 12te januar 1826. T opvokstren var
han ein liten villstyring, som för mod pretter og galnestykke,
lite hug til aa lese hadde ban og. Men* etter kvart retta
dette seg, so han vart ein flink gut, som vart sett til
omgangsskulelærar i heimbygda si, før han var 17 aar.

20 aar gamall kom ban paa Klæbu seminar og 2 aar
etter i 1847 gjekk han ut fraa skulen med hovudkarakteren
„meget godt". Han tok so att lærarposten sin i Halse, men
slutta snart, daa han tykte løna var for lita. So var ban
lensmannsdreng ei tid i Stangvik, men fraa 1854—76 var
ban lærar paa private eller offentlege skular i Eidsberg,
Edøy, Borre, Kristiania, Ullensaker, Elverom og fleire stader.

Alt daa han var paa seminariet, tok Sæter bestemt parti
for grundtvigian ar ane i deira kamp mot skriftteologa.ne og
pietistane, og heile tida seinare heldt ban fast ved denne
si overtyding. I 1876 fekk han i gang ein folkehøgskule i
Bynesset og heldt der 4 kursus, 2 for gutar og 2 for gjenter.
Liknande kurser heldt ban og i 11 andre bygder i søre
Trondheims amt og i Halse, i alt 20.

Pietistane og mange av prestane var sjølvsagt mot
skulen hans. Men han hadde og mange vener, som hjelpte til
med pengetilskot eller paa andre maatar. Skulen fekk og
støtte av ÄNordenfjeldske folkehøiskoleforening", som betalte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:30:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free