- Project Runeberg -  Folkehøgskulen i Danmark, Norge, Sverige og Finland /
191

(1910) [MARC] [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

191

der hadde ikkje større hug paa det. Dei hadde sett seg
det maal aa faa ein folkehøgskule, og om hausten 1884
vart ein opna paa garden Evju i Efteløt. Sandsvær.
Eigaren av denne store og fagre garden, Johan Evju, som
paa fleire maatar hadde vore ein god mann for
oplysnings-arbcidet, gjorde og mest til, at skulen kom i stand. Styraren
for skulen var Olav L. Kirkeberg. — Han er fødd i Bagn
i Valdris og voks op i ein streng pietistisk heim. Han
gjekk først paa Christopher Bruuns skule i Sell og kom
seinare til Danmark. Han gjekk der paa den presteskulen
som dei ei tid hadde paa Askov, jamsides med
folkehøgskulen, til utdaning av prestar for skandinavar i Amerika. —
Etter at, han paa Askov var utdana til frikyrkjeprest. vart
han i 1874 send av „Udvalget for den dansk-aiuerikanske
Mission* til Elk-Horn, Iowa og skulde vere prest for
ny-byggjarane der. Han tok der til aa arbeide for aa faa ein
folkehøgskule for dei danske. Dei gav fri grunn, samla inn
pengar og 1ste novbr, stod den förste grundtvigske
høg-skule i Amerika ferdig. Han var no baade prest og
høgskul estyrar. Aaret etter begynde ban med eit vikeblad
„Da,ne virke". Han gav bladet dette namn for aa syne, at
det var danskane, dei som hadde sendt honom, han vilde
arbeide for. Det var dei som totte, at lians norske hug var
for sterk, og at det saa,g ut til, at han vilde gjere skulen
sin til ein norsk høgskule, for di han hadde kalla den „Leif
Eriksons Minde". — Men arbeidet med alt i dette nybygget
var meir enn helsa kunde tole. Han maatte slutte og reise
atteude til Danmark for aa kvile ut. — Han kom seg snart
att- og tenkte no paa aa ta op arbeidet heinie i Norge, Han
raadførde seg med fleire norske skulefolk om dette, og otter
raad fraa 0. Arvesen begynde han i Sandsvær som før nemt.
Til medlærar hadde han først Olav Santi r fraa Strinda),
som før hadde vore lærar paa Vonheim eit aar. Men daa
det leid ut i andre aaret, vart han laak og laut slutte. Han
døydde ei tid etter av tæring. Lærar G. H. Borge fraa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:30:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkehogsk/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free