- Project Runeberg -  Symra : Den blomen du elska /
6

(1934) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Til tuntreet mitt

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

TIL TUNTREET MITT


Som ein gudfødd tanke stig du imot himlen,
du stolte malm-tre i mitt fjellheims-tun;
det er som du frå skyi ned vil sanke
alle stjernor til eit diadem
i di kongelege hovding-krune.

Rak du stend på dine sterke røter
under torvi tvinna til ein runeskog
som skulptur-verk av eit stivna ormebol,
skapar-viljen storkna i ei kramperid
til løyndomsfulle runir, rita av ei magt
som alle universets klotar held
liksom leikor i si kjempehand.

Å var min vilje som di minste nål i styrke
var min tanke rak som stomnen din!
Var mitt hugsviv blankt som dine stjernedraumar
og mi sanningstrå som trassen i din hovud-burd!


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 06:52:09 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hgsymra/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free