- Project Runeberg -  Symra : Den blomen du elska /
13

(1934) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I skiringselden

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So vart barne til ein selhund-unge langt i nord,
under stjernehimlen strålande og blå,
ein liten unge silkeblank og grå
svimeslegen under flåar-kniv som for
eldingsnøgt ikring den vesle kropp

som vakna i ein augneblink og freista reise hovud’ upp,
såg med blodga augo etter mor
i vånde stor —

Men belgen snøgt vart av han dregen

og raud mot alle blånar lyste offervegen

då nådefullt han daudeslaget fekk og vart mot skuta dregen.

Sidan vart eg kvar ei nott,

riden av ein blodig selhund-skrott.

Og eg lessa på mi sjel

skuld på skuld til hjarta mitt var biodugt som den

flådde sel.

Og sjå, der utpå havet gjekk so vill ein leik,

sanselaus ein kval på båretoppom dansa,

drog ein båt på slæp i tunge reip,

kvite båre-fraud det havsens drama kransa!

Harpunen rann i friske kjempe-kropp

djerve fangst-mann sette livet inn i angst og spaning,

for å vinne denne dyre fangst.

Men den som dyret dreiv i helvitspine, det var eg!

AU verdsens naud og pine kom frå meg!

— so levande låg draumen på min veg!

13

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 06:52:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hgsymra/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free