- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
6

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - {Indledning]

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

heile sin maate, at dei vart reint sersynte. Soleis
süme halling-klædgangar eller den drustelege
brure-bunaden fraa Sætisdal. Andre er so yndefulle, at
ikkje den strengaste domaren skulde finne noko
aa hefte seg ved, t. d. seljord-, hardang- eller
fane-bunaden. Høgtidsklædi hev i mange bygdir
vori reine drusteverk, med dugande kunst-rikt
arbeid, med leikande hugsyn og greidt, fint lag.
Slike klædgangar kunde fylgje ei ætt lange tidir;
for tye var av den reine ull, og spunni og vovi
so vent og vei, at det mest var uslitelegt; og
prydnaden var knappar og spenne av klinkande
sylv som var smidt og kröta etter gamle mynster
av kunst-gullsmedar i bygdine, og dertil krotsaum
svipeleg og fin, som husens kvende sjølv hadde
sauma, med garn som ikkje lett rauk, og fargar
fraa voksterheimen som heldt seg langt
fram-igjenom. Godt arbeid til godt yrkje, det er noko
som stend

No er det nok ikkje mange stadir me fær
sjaa slikt adels verk; for etterkvart kom det fraa
storheimen fabrikk-vevnad og fabrikk-stas.- Og
fabrikk-smak og fabrikk-syn fraa dei store
„kulturcentrer" drog seg smaatt men stødt upp gjenom
lande og lagde seg yvi bygdom som ei graadimme.
I byane kom det upp eit nytt ord um gamalt
arbeid: „bondeglo"; det skræmde folk mange
stadir. Baade her og der vart dei friske og fine
fargane fraa større tidir bytte burt i graabrunt,
brungraa-grønt, „drapfargar" eller fargevelling: den
borgarlege graatidi braut inn og fekk magti.

Dei som fyrst let seg skræme var dei unge.
Dei kraup ut or heimebunaden so fort dei kunde,
og skunda seg til landhandlaren etter byklæde.
„Billege" byklæde men i grunnen dyre, og stygge,
og so skrale at det ofte ikkje var stort meir enn
dei hekk ihop. Fabrikk-gods; verks-vevnad. Dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free