- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
20

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Seljord - Karmannsklæde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

kròtsaum“ (med farga garn) og sylvkantar; bord paa
stakken um lag tvo tomar breid. Paa hovude
brukar dei det hamlege svarte skaute med rosur
eller dei gamle yndefulle, fin-mynstra silkeplaggi
som det enno finst mange av i gode bygdir,
um dei elles ikkje er gode aa faa i no.
En-dane av skaute vert tekne i kross under haare i
nakken og virra (røyrde) fast og knytte i knute
uppe paa hovude. So smøygjer ein snippane inn,
og knuten vert eit grand ut-tøygd. Skjorta er kvit,
med vide rukkute ermar. Ermsaumane skal gjerne
vera eit godt stykke ned paa armen. Kragen
ut-slegin. Ein fin bunad.

Raud skjorte kann ein godt bruka til skifte;
kvite skjortur er i det heile mindre [laglege um
vinteren og i arbeidslage.

Karmannsklæde.



Mest all stad hev karfolki no teki til med
byklæde. Umframt Sætisdalen er det berre surne
bygdir paa vestlande og midlande (Telemarki,
Numedal, Gudbrandsdalen), som hev sin eigen
karmannsbunad. Surne stadir var daa og
karmanns-klædi mindre laglege eller vene, so det kunde vera
rimelegt at dei vart avlagde. Men mange stadir
baade austpaa og vestpaa var dei framifraa fine,
og heldt seg til langt ut i det 19de aarhundrade.

Av deim som no skulde vera mest laglege til
aa taka i bruk att vil eg fyrst nemne den heilt
myrke sunnhordlandsbunaden og den myrke-blaa
rundtrøyebunaden fraa Telemarki. Og gjerne skulde
eg taka den myrkblaa høgtidsbunaden fraa Færøy
med her, um færingane vil finne seg i det. Den
er kann hende og norsk fraa fyrste tid; færingane
hev i det heile haldi betre paa norskt maal og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free