- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
25

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men du trur det visst ikkje. Endaa du hev
høyrt det hundrad gonger, — so trur du det ikkje.

Nei me trur vondt um Gud. Me trur han held
døri paa glytt. Og so slepper han inn ein no og
ein daa. Naar dei hev angra nok. Og umvendt
seg skikkeleg. Og fenge sterk nok tru. .la so
slepper han deim inn. Men det skal mykje til!

Og so held Gud døri vid opi. Han stengjer
ingen ute.

Um du er so langt burtkomen, — at inkje
menneskje kjem i hug du kann vera barn av Gud,
— Jesus hev sagt det: Gud held barneplassen open
aat deg. Han stend ventar paa deg og ser etter
deg: kjem ikkje guten min heimatt snart? Ser han
deg der langt burte, du tek til aa snu deg um til
han. — ja daa spring lian deg i møte, og feil deg
um halsen, og fører deg inn i heimen sin. Der
fær du sjaa det du ikkje vilde tru: alt er ferdugt.
Barneplassen stend veniar paa deg. Barneklædi
heng ferduge aat deg. Dei du hadde fenge paa
deg i daapen. Som dn hev mist paa vegen. Gud
hev gøymt paa deim. Xo fær du deim paa deg
alt. Med ring paa fingeren. Og sko paa føtene. —
So er det gleda hjaa Gud.

Slik er kristendomen.

Eg er so glad i dag me fær duka altarbordet
og bjoda alle med til gjestebods hjaa Frelsaren.
Alle er velkomne. Tykkjer du noko dreg deg, so
kom. Kom med alt som verkjer, med alt som vantar.

Hev du for liten anger? for liti tru? Jesus
støyter deg ikkje burt. Meiner du del liknar
Frelsaren aa visa deg vekk: du lyt venta til du hev
lært aa tru betre og trega meir —? Du skynar:
slikt vil Jesus aldri segja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free